Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

fredag 27. november 2009

Læringsrom

Prinds byggjer teorien om "tre læringsrom" på professor Aufenangers tre læringsprosessar, og vidare er det Erling Petterson som formulerer ein oppdeling av desse læreprosessane i tre rom. (Prinds (1999) s.33,34)

-Undervisningrommet, -Praksisrommet, -Studierommet

I "undervisningsrommet", eller læringen i klasserommet, er det lærar og elev som arbeidar med stoffet i felleskap. Her er det dialog mellom lærar og klasse og det kan være mindre gruppearbeid. Undervisningsrommet er lærarstyrt, men ein kan også gi elevane meir ansvar. Målet for dette rommet vil fyrst og fremst være formidling av nytt stoff i tillegg til dialog. Det er gjerne dette rommet ein er mest kjend med då undervisning oftast går føre seg i eit klasserom. Vidare byggjer dette rommet på læringsteorien "mesterlæreteorien", som som "går ud på at den enkelte elev eller gruppe af elever lærer bedst når eleven/eleverne trænes tæt af en lærer."

I ”træningsrommet”eller praksisrommet, som Petterson formulerar det som, står det at elevane jobbar individuelt eller i gruppe med dei ferdigheitene dei har opparbeida seg i undervisningsrommet, og dei lærer ut frå eigen læringsstil.

torsdag 26. november 2009

YouTube som ein ressurs i undervisninga!

Når ein underviser elevar er mål nummer ein at dei faktisk skal lære noko av deg. Kompetansemåla står sirleg skrive i LK-06, men det er knytta større fridom til korleis elevane skal nå desse måla. ”Skolen skal ha rom for alle, og lærerne må derfor ha blikk for den enkelte. Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse. (…) Læreren må bruke både variasjonene i elevens anlegg (…) som en ressurs for alles utvikling og for allsidig utvikling.” (LK-06 s. 10) Dette seier meg noko om at ein skal leggje opp undervisninga på ein måte som passar den einskilde elev. Dette er gjerne ikkje like lett på alle skular med mange elevar per lærar, men på den fådelte skulen eg undervisar på, er det ein glimrande moglegheit for å få dette til. Det å knytte elevane sin mediekultur inn i undervisninga meinar eg fører til betre motivasjon for læring- ein møter elevane i noko som er kjend og nær dei sjølve.


Det er ein kjend sak at mange elevar masar om å sjå film i timane- det gjer i alle fall elevane på skulen eg jobbar. Og utfordringa her må bli at å sjå film ikkje bør bli brukt som ”belønning” etter at ”rett” og ”viktig” undervisning er unnagjort. Eg trur det her er veldig viktig for læraren å finne nytta av det å sjå ein film i samband med eit tema som elevane har om, for det å sjå film kan faktisk være veldig lærerikt når det kan passe slik. Youtube er også ein nettstad mange unge likar å søkje på saker og ting (ikkje alt er sjølvsagt skulerelatert), og for å i møte kome elevane lot eg dei få gå inn på youtube i ein engelsktime vi hadde om amerikansk fotball, der oppgåva deira var å finne ut korleis amerikansk fotball virkar. Elevane var svært ivrige, og vi måtte prate om mellom anna filmen ”We are Marshall” som er bygga på ein sann historie då eit heilt amerikansk fotballag sat i flyet då det styrta, og kva dette gjorde med lokalsamfunnet i USA. Enda på visa var at i fleire friminutt etter dette spela elevane ein versjon av amerikansk fotball! Skulle vi berre brukt læreboka den timen, trur eg at eg kan påstå at resultatet hadde blitt noko heilt anna….

mandag 23. november 2009

Rekneark berre for matematikkfaget?

Då eg starta opp på dette studiet, og hadde som utgongspunkt å nsten ikkje kunne nokon ting innan data, såg eg særskilt mørkt på emnet som hadde med rekneark å gjere. Likvel, då eg las leksjonen om rekneark og sette meg inn i dette emnet vart eg overraska over at eg hadde mistolka kva excel dreier seg om. Det er nemlig ikkje berre knytta til matematikkfaget, noko som eg alltid har trudd; det viste seg å være veldig mykje ein kan gjere med reknark om ein berre lærar seg dei ulike formlane og sett seg litt inn i det.

Eg laga eit oppsett der elevane skulle øve seg i ordklasseb verb og setje inn rett form av verbet. Det kjem fram om det er rett eller galt. Oppgåva er berekna på elevar på 7.trinnet, der dei skal testa seg i bøying av verb. Dette er ei øvingsoppgåve retta mot kompetansemålet som seier elevane skal kunne bruke oppslagsverk og ordbøker. Då er det t.d. viktig at elevane veit at ein må leite etter rett form av verbet i ordboka. Denne oppgåva kan vidare også være nyttig for t.d. elevar som har bokmål som si målform når dei skal ha om nynorsk, og omvendt.

Å jobbe med excel gir oss mange moglegheiter til å la elevane jobbe med stoff på ulike måtar. Eg trur at ved å gi elevane øvingsoppgåver i t.d. engelsk på reknearket vil føre til at motivasjonen deira aukar fordi dei får retting der og då, samstundes at dei får skrive på data.

søndag 22. november 2009

Ukritisk sjølvdyrking på internett

At vi lever i ei tid der vi eksponerer oss sjølve til det ytterste herskar det ingen tvil om. Med facebook og andre nettstader får vi vite kva naboen har tenkt å ha på brødskiva til frukost, og vi blir oppdaterte med bilete frå festen sist fredag. Spørsmålet blir berre om dei som publiserar ulike bilete frå t.d festar og feriar verkeleg har fått klarsignal frå personane på bileta om å bli lagt ut? Dette tvilar eg sterkt på, og dermed er det brot på Åndsverkloven § 45c der det kjem klart fram at ein må ha samtykke i at bilete blir publisert, med unntak av desse punkta:


”1. avbildningen har aktuell og allmenn interesse,


2. avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,


3. bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse, [Kalles 17. mai paragrafen, red. anmerkning]


4. eksemplar av avbildningen på vanlig måte vises som reklame for fotografens virksomhet og den avbildede ikke nedlegger forbud, eller


5. bildet brukes som omhandlet i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre ledd. Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår (Åndsverkloven, 1961 §45c)”


Det er svært viktig at skulane har fått samtykke frå foreldra for at dei kan publisere bilete på t.d. skulen si heimeside. Dette kan rett og slett være ein ”prinsippsak” for dei føresatte, eller det kan være av alvorligare art at familien lever i skjul og at enkelte personar ikkje skal finne ut kor dei bur. Begge deler skal sjølvsagt skulen respektere. Elles er eg eining med Anna Vold som skriv i bloggen sin at ein bør bevisstgjere ungane på biletbruk på ineternett, fordi no er barna gjerne meir digitale enn foreldra, men ikkje er modne nok til å tenkje konsekvensane av det dei gjer når dei utgir seg på nettet.

fredag 13. november 2009

Vurderingspraksis

På skulen eg jobbar har kvar elev sin portefølje som er ein fysisk perm der elevane set inn arbeid som dei er nøgde med. Dei må skrive ein liten refleksjon som eit vedlegg til arbeidet om kvifor dei vil ha inn akkurat det arbeidet, kvifor dei er nøgd med det osb. Etterpå skal foreldra også skrive ein kommentar til arbeidet. Det som er veldig viktig er at det berre skal være positive kommentarar. Det er lærarane som på førehand har ei liste over kva type arbeid som skal være med i porteføljemappa som t.d ein matteprøve, ei forteljing osb. Ein slik type vurdering hadde det også vore interessant å gjere digital, at alle elevane har digitale mapper. Utover dette gir ein som lærar kommentar på ulike testar og prøvar som elevane har, men dette blir gjort på den ”gammaldagse” måten med ”pen og papir”. Det bør være eit mål for skulen å få i stand ein meir digitalisert ”test-ordning” ved hjelp av t.d. It`s Learning etterfulgt med at lærar kommenterer direkte på arbeidet digitalt. Det hadde vore interessant å nytte datamaskinane meir i undervisninga slik som Halbrend og Flatene skule gjer, dette med at elevane googlar ulike emne og kan bidra i samtalane. Dermed trur eg elevane føler seg meir inkludert, at dei også kan komme med ulike fakta som gjerne ikkje læraren heller veit noko om!

mandag 2. november 2009

Definisjonar av digital kompetanse

Søby, Erstad, Baltzersen og Krumsvik definerer digital kompetanse, men på litt ulike måtar. Søby meiner at ”digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet”. Erstad definerer digital kompetanse må tilnærma lik måte, men han har ikkje med ordet ”kreativitet”, og i staden for å seie ”kunnskapssamfunnet” bruker han omgrepet ”det lærende samfunnet”. Erstad legg altså vekt på at ein må ha kunnskaper og ferdigheter og rette haldningar når ein tek i bruk digitale medier i det lærande samfunnet. Søby er meir knytta til skulen då meiner eg då han også legg vekt på kreativitet og har med meistring i kunnskapssamfunnet.


Baltzersen deler omgrepet inn i seks komponentar i ein pyramide, der dei tre nederste komponentane er ”grunnleggjande digitale ferdigheter, digital navigeringskompetanse og kildekritisk vurderingsevne”. Krumsvik meiner ”Digital kompetanse er læraren sin evne til å bruke IKT fagleg med pedagogisk-didaktisk IKT-skjønn og å vere bevisst kva dette har å seie for læringsstrategiane og danningsaspekta til elevane” (R. Krumsvik, 2007). Denne definisjonen er den som er mest relevant til ein skulekvardag, men også Søby sin som omfattar kreativitet i definisjonen meiner eg er mest like og dei seier det same. Eg meiner det er viktig at ein tek i bruk ordet kreativitet slik at ein kan leike seg til ny kunnskap slik at ein oppdagar kor kjekt og kor mange moglegheiter som fint når ein jobbar med IKT.

mandag 26. oktober 2009

Fotografering



I og med at det er haust ute og blada har fine fargar,har eg har vald å ta eit bilete der eit tre er motivet. I bilete ovanfor til venstre er motivet plassert i midten. Treet er dermed klart i fokus. Likevel kan dette bilete verke noko kjedeleg.

Når eg tek i bruk tredjedelsregelen, der biletet får meir luft, er det framleis treet som er motivet, men i og med at vegen kjem meir fram blir også denne interessant.  I følge kompendiet "En innføring i fotografering og kamerateknikk" går "Tre-delingsregelen ut på å dele bildeflaten inn i ni like deler: Nesten alle ting som skal plasseres i bildet bør plasseres på en av linjene eller kryssingspunktene."

Eg meiner sjølve motivet kom best til sin rett på bilde nummer ein, men eg synest bilde nummer 2 var meir levande i og med at vegen kom godt fram. Likevel var det jo treet som skulle være i fokus, så dermed vart nok tyngda i bilete nummer to litt for mykje framtredande.



I oppgåva skulle eg også beskjere biletet slik at det vart eit kvadratisk format. Dermed var fokuset på treet mykje større. Gjerdet fungerer også som ei ramme på biletet, og skaper dybde. Gjerdet er med i alle bileta og utan dette kan det være bilda hadde hatt litt for store flatar som lette gjer det kjedeleg og uoversikteleg.

Eg skulle også finne eit bilete på internett og då må eg sjølvsagt reklamere litt for lokalavisa Bygdaposten. Her har eg vald ut eit sommarbilete som heiter "Midnatt på Finnmarksvidda". Bilete er tilgjengeleg frå http://www.bygdaposten.no/thumbnail_stortbilde.cfm?id=1711 Det er sola som er motivet i biletet som er plassert heilt til venstre. Resten av biletet syner landskap som forsvinn i ein bue heilt til venstre med sola. Det er flott form på landskapet til høgre, og dannar ei mjuk og fin linje som deler bilete i to samstundes som den har ein byrjing på såkalla O-form. Dete skapar ein kjensle av heilhet og samanheng.  Her er det nytta tredjedelsregelen. Ved fyrste augnekast ser det berre ut som eit landskapsbilete, men vi kan faktisk skimte to personar heilt til høgre i bilete. Dette gir oss assosiasjonar som t.d. fiske eller friluftsliv. Eg synes biletet er flott, men er gjerne litt tungt og mørkt på høgre sida, men samstundes skapar dette ein flott kontrast til sola og det fine lyset på himmelen.

___________________________________________________

Larsen, Per-Otto (2005) En innføring i fotografering og kamerateknikk. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://snotpope.com/po/fotokompendie.pdf

søndag 18. oktober 2009

Lærerutdanningen som flaskehals

Morten Søby gjør i rapporten ”Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen” denne definisjonen av digital kompetanse: ”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” For å kunne greie å oppnå denne type kompetanse kommer rapporten med en rekke anbefalinger, og særlig et punkt synes jeg var veldig viktig; ”Lærerutdanning i en digital tidsalder”. Her nevner han at rammeplanen for lærerutdanningen må inkludere utvikling av digital kompetanse, både teoretisk og praktisk og at det må til en omstillingsprosess for lærerutdanningen.

Det er lærerene som skal lære elevene digital kompetanse, og det er lett å se svart/hvitt på hvorfor elevene i den norske skolen ikke er kompetente nok. Dette synet kommer godt frem i lyset i en artikkel som stod i Aftenposten 19. august 2009. Med overskriften ”Læraren er flaskehalsen” bruker Vibeke Kløvstad begrepet ”flaskehals” om lærerne når det gjelder IKT i skolen. Det går frem i artikkelen at noe av formålet med Kunnskapsløftet er at IKT skal brukes i fagene på alle trinn. ”I ITU Monitors kartlegging fra 2007 lå grunnskolen langt etter videregående skoler. Årets kartlegging viser at avstanden bare har økt.” står det videre, og Kløvstad mener det er lærerne som er flaskehalsene i forhold til elevenes digitale ferdigheter i skolen grunnet lærernes kompetanse, eller mangel på kompetanse.


Jeg stiller meg kritisk til denne måte å belyse saken på. Når en elev ikke får oppnådd målene sine i forhold til Kunnskapsløftet, som for eksempel å oppnå ulike ferdigheter i engelsk, RLE eller andre fag- er det da så enkelt å si at det var læreren som fungerte som en flaskehals i forhold til elevene sine ferdigheter? Jeg mener en må gå dypere inn i dette, og da blir det for enkelt å peke på at det er lærerne sin skyld at målet om digital kompetanse for elevene ikke blir oppnådd og viser til Søby sin rapport der det står; ”Lærerutdanningen ved universiteter og høyskoler er både en målgruppe og en kritisk faktor. Ferske lærere er en av pilarene for all fremtidig skoleutvikling. Uten at disse stiller krav til IKT-bruk i skolehverdagen og selv er digitalt kompetente, vil omstillingsproses­sene gå for sakte.” (Søby 2005)

Dette vil jeg gjerne spinne litt videre på, og omformulere Kløvstad sin påstand om det heller er lærerutdanningen som fungerer som en flaskehals for å utvikle digital kompetanse? Lærerutdanningen skal, som jo ligger i ordet, danne lærere, eller skape lærere. Da er det viktig at det i løpet av utdannelsen vil ta for seg IKT og hvordan nytte dette i skolen. At det må en omstillingsprosess med tanke på IKT i lærerutdanningen mener jeg er en selvfølge skal en holde tritt med den nye læreplanen, Kunnskapsløftet fra 2006. Jeg er selv relativt fersk som lærer og jeg mener det så absolutt burde være et større fokus på IKT i skolen og hvordan jobbe med digitale verktøy burde komme mye bedre frem i lærerutdanningen, ikke minst med tanke på hvordan bruke IKT i skolen; rett og slett lære å lære fra seg kunnskap!

Jo, man har selvsagt pedagogikk i lærerutdanningen og ja, man har praksis på ulike trinn, men jeg og flere av mine medstudenter savnet rett og slett det å lære å lære fra seg! Dette drar en selvsagt med seg i alle fag, og også innenfor digital kompetanse, for det hjelper så lite om en lærer fikk A på både oppgaver og eksamener når den læreren rett og slett ikke når ut til elevene sine. Når det er sagt finnes det helt sikkert utrolig mange lærere rundt om i landet som har stor digital kompetanse, og som er flinke til å bruke denne kunnskapen i undervisningen sin. Dette er jo kjempe flott, men jeg har en påstand om at denne kunnskapen ikke nødvendigvis ble utviklet på lærerhøgskolen.
Funnene som forskere ved Høgskolen Stord Haugesund samlet gjennom Skolefagundersøkelsen tok også for seg ”flaskehals” som begrep; ”Istedenfor å beskrive lærerens beskjedne bruk av IKT som en ”flaskehals”, gir funn fra Skolefagsundersøkelsen grunn til å beskrive beskjeden IKT-bruk som et uttrykk for lærerens faglige integritet. Lærere i norsk skole har både IKT-kompetanse og IKT-utstyr, men velger bevisst å bruke det lite for å kunne nå sine faglige mål med undervisningen.” (HSH, 2004) Ut fra dette vil jeg komme med en påstand om hvorfor lærerne velger å la være å bruke IKT så mye i undervisningen nettopp på bakgrunn av at de ikke vet på hvilken måte IKT kan være nyttig for å nå de ulike kompetansemålene. Over tusen lærere svarte på denne undersøkelsen, og det kan godt tenkes at flere av disse har digital kompetanse, de vet bare ikke hvordan lære fra seg denne kunnskapen og knytte den inn i de ulike fagene på skolen. Dermed vender jeg tilbake til min påstand om at det er lærerutdanningen som er den virkelige flaskehalsen i forhold til IKT i skolen.

Når lærerutdanningen har kommet et skritt videre i retning mot en digital kompetent skole, og vi får nyutdannede digitalt kompetente lærere som vet hvordan nytte denne kunnskapen i undervisningen og også vet hvordan lære den fra seg, er det også viktig at det stilles krav til etterutdanning av lærere. ”Høsten 2009 vil det stilles gratis studieplasser samt midler til vikarutgifter til rådighet for ca 1500 lærere. De fleste tilbudene vil være på 30 studiepoeng og vil bli gitt ved utvalgte høyskoler og universiteter på følgende fagområder:” (Udir 2009) Når det gjelder kompetanseheving av lærerne i skolen konkluderes det med følgende i ITU Monitor 2009: ”IKT kan gi bedre kvalitet til læreres undervisning og elevers læring, men det forutsetter god teknologisk infrastruktur, digitale læremidler av høy kvalitet og lærere som anvender IKT som et didaktisk redskap i undervisningen. En bevisst satsing på målrettet kompetanseheving hos lærere vil kunne bidra til å kunne redusere digitale skiller hos lærere og elever.”

På mange måter er integrering av IKT i skolen en moderniseringsprosess som det kan virke vanskelig å holde tritt med. Det er helt klart utfordringer når det gjelder digital kompetanse i skolen, og det er nok ikke bare en flaskehals, men problemet er mer sammensatt. Rom ble som kjent ikke bygget på en dag, men det er viktig at en møter elevene sine digitale behov og utryster dem med best mulig kompetanse før de skal videre ut i den digitale tidsalderen, og det ansvaret mener jeg ligger i utdanningen av lærere.


Referanseliste:

Vibeke Kløvstad, Aftenposten (2009) Læraren er flaskehalsen tilgjengelig fra http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536

Utdanningsdirektoratet (2009) Gratis videreutdanning for lærere tilgjengelig fra http://udir.no/Artikler/_Skoleutvikling/_Kompetanseutvikling/Gratis-videreutdanning-for-larere

Søby (2005) Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen Tilgjengelig fra http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf

HSH (2009) Spennende forskning om IKT i skolen Tilgjengelig fra http://www.hsh.no/nyheter/index.php?arkiv=2009090000001783

onsdag 7. oktober 2009

Den verkelege flaskehalsen!

Det er interessant at Vibeke Kløvstad brukar begrepet ”flaskehals” om lærarane når det gjeld IKT i skulen. (Aftenposten, "Læreren er flaskehalsen" 19.08.09) Men eg må likevel kunne være så frimodig å stille eit stort spørjeteikn til artikkelen. Når ein elev ikkje får oppnådd måla sine i forhold til Kunnskapsløftet, som til dømes ulike ferdigheiter i engelsk, RLE eller andre fag- er det då så enkelt å seie at det var læraren som fungerte som ein flaskehals i forhold til elevane sine ferdigheiter? Eg meiner ein må gå djupare inn i dette, og då blir det for enkelt å peike på at det er lærarane si skuld at måla om digital kompetanse ikkje blir oppnådd.

Morten Søby gjer i rapporten ”Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen” denne definisjonen av digital kompetanse: ”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” For å kunne greie å oppnå denne type kompetanse kjem rapporten med ei rekkje anbefalingar, og særskilt eit punkt synest eg var særs viktig; ”Lærerutdanning i en digital tidsalder”. Her nemner han at rammeplanen for lærarutdanninga må inkluderas utvikling av digital kompetanse, både teoretisk og praktisk.

Dette vil eg gjerne spinne litt vidare på, og spørje om det ikkje er lærarhøgskulane som fungerer som ein flaskehals for å utvikle digital kompetanse? Eg er nyutdanna lærar og eg meiner det så absolutt burde kome betre fram i lærarutdanninga dette med IKT i skulen, og ikkje minst korleis bruke IKT i skulen; rett og slett lære å lære frå seg kunnskap! Jau, vi har sjølvsagt pedagogikk i lærarutdanninga og jau, vi har praksis på ulike trinn, men eg (og fleire av mine medstudentar) sakna rett og slett det å lære å lære frå seg! Dette drar ein sjølvsagt med seg i alle fag, og også innanfor digital kompetanse, for det hjelper så lite om ein lærar fekk A på både oppgåver og eksamenar når den læraren rett og slett ikkje når ut til elevane sine.

Det finst heilt sikkert utruleg mange lærarar rundt om i landet som har stor digital kompetanse, og som er flinke til å både bruke denne kunnskapen i undervisninga si og lære frå seg ferigheitene sine. Dette er kjempe flott, men eg har ein påstand om at denne kunnskapen ikkje nødvendigvis vart utvikla på lærarhøgskulen… I og med at den digitale kompetansen skal bli høgare og ein har ulike mål ein skal oppnå i Kunnskapsløftet burde ein også på lærarhøgskulane ta for seg IKT i mykje større grad og korleis gå fram for å nå ut til elevane med denne kunnskapen. Det er for så vidt ein interessant observasjon at så og seie alle som tek dette studiet, inkludert meg sjølv er lærarar. Kva fortel dette oss?

__________________________________
Aftenposten, "Læreren er flaskehalsen" 19.09.09 http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536
Søby (2005), ITU (http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

mandag 5. oktober 2009

Internett som læringsressurs i skulen

Det er ein kjend sak at alle lærer ikkje på lik måte, noko som kjem veldig godt fram i programmet ”Blanke Ark”. Bruken av data og internett er stor for dei fleste elevane i skulen i dag og det å laste ned ulike spel frå internett er også noko mange born gjer i fritida si. Som lærar har eg sett svært mange døme på at det er viktig å la elevane jobbe med same stoffet ved ulike arena. I norskfaget kan ein sitje med nasen i boka å lese om substantiv, og ein kan finne fram til litt meir lystbeton måte å lære på t.d. ulike læringsressursar på internett.

Nettstaden www.lokus123.no er ei kjekk side å bruke for elevane, og er enkel å forstå. Ein jobbar med matematikk eller andre fag samstundes som ein blir dyktigare å bruke datamaskina. Det er sterke fargar og sidene har ofte multimediale tekstar som dermed aukar læringsgleda, og når ut til elevane på ein meir livlig måte. Likevel er det alltid ein risiko at dei som er mest flittige med databruken på heimebane ofte er dei som sjekkar facebookprofilen og er innom sider som ikkje er realtert til undervisninga. Men dette synest eg ikkje skal være eit hinder for at skulen nyttar seg av slike læringsressursar, men heller sikre at dei nettstadane elevane skal jobbe med er av god kvalitet.

fredag 2. oktober 2009

Virus- dataverda sitt svar på svineinfluensa?

I ei tid prega av antibac og intens håndvask med ymse såpeprodukter grunna frykt for svineinfluensa, vil vel dei aller fleste kunne greie å svare at ”datavirus” heller ikkje er til å smile av. Til og med for slike personar som meg, der kunnskapsnivået om datamaskinar byr på motstand med ein gong det blir snakk om noko særskilt meir enn å logge på internett og trykke ”facebook”, veit nok at datavirus er noko ein ikkje plent vil trakte etter… Dermed vil vel gjerne konklusjonen min være at når kunnskapen er så liten om data generelt, er det destod viktigare å halde seg oppdatert på kva som faktisk kan bidra til at ein får virus på datamaskina si. Og kva er eigentleg risiko oppførsel når det gjeld datavirus? Punkt nummer ein vil eg seie er for dårleg kunnskap og for liten skepsis på internett. Ok. Då må ein gjere noko med det. Eg las om systemvirus, makrovirus og faktisk- narrevirus, og eg må innrømme eg blei ein smule forbausa då det gjekk opp for meg at ein faktisk kan få virus på datamaskina si utan at ein har vore på internett!


Eit datavirus er eit program som kan kopiere seg sjølv og lagre kopiar av seg sjølv og dermed bli spreidd frå maskin til maskin via t.d. diskettar eller CD-ar. Det å klikke villig opp den eine ukjende linken etter den andre er vel heller ikkje særskilt lurt i lengda. Dette fekk eg smertefullt erfare då eg for eit år tilbake klikka på ein link på facebooksida mi. Denne linken viste seg å være virus og utan at eg kunne gjere noko med det viste det seg at eg sende denne linken vidare til alle venene på lista mi. Festlig. Den viktigaste erfaringen her må bli at ein ikkje må klikke på ein link som ein ikkje er 110 % sikker på kva er. Sjølv om den nok kan love gull og grøne skogar. Jaja.

Ein må sjølvsagt beskytte datamaskina med antivirusprogram, på same måte som det vil hjelpe med grundig håndvask og antibac med tanke på sjukdomar som svineinfluensa, men i bunn og grunn trur eg ein kan dra likehetsparallellar til data og menneske; nemleg å bruke sunn fornuft og ha ein viss skepsis til offentlege toalett og ukjende internettsider….

mandag 28. september 2009

Test

Berre litt testing på gong!