Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

tirsdag 16. februar 2010

Comic Life

Eg har kommentert Maria Vister Dommersnes sitt innlegg om verkty for samansette tekstar. Her skriv ho mellom anna om Comic Life. Kommentaren min er nedst på sida. Verkty for samansette tekstar, kommentar

Døme på nyhendeartikkel og feature

På Dagbladet si nettside fann eg denne artikkelen som er eit døme på nyhendeartikkel Vannkrise i Bergen 16. februar 2010. Overskrifta er Nå er det vannkrise i Bergen etterfulgt av ein kort og konsis ingress ”Bergen kommune ber alle bergensere spare på vannet. Laveste vannstand i regnbyen siden 1861”. Dei fleste av oss kjenner til at det i denne plar det regne store delar av året, og det er difor oppsiktsvekkande når det står at bergenserane må spare på vatnet. Dette er også skrive i kursiv, noko som understrekjer dette. Vidare i brødteksten er det klare teikn på at dette er ein nyhendeartikkel, mellom anna når ein ser på oppbygginga. Den startar med å fortelje det viktigaste fyrst, nemleg at ”Bergen kommune har nedbørsstatistikk tilbake til 1861, og dette er den tørreste perioden mellom desember og februar som noen sinne er blitt målt”, og vidare står det oppforsring om å dusje eitt minutt kortare enn vanleg, og ikkje la vatnet stå på medan ein pussar tennene. Dette er i grovt trekk det viktigaste i nyhendeartikkelen, og difor kjem dette fyrst i artikkelen. Nedst i artikkelen står det lite viktig informasjon, som t.d.” Nedbøren som vanligvis kommer som regn, har kommet som snø.”. Denne artikkelen handlar om noko nytt, og noko som har blitt avdekka, og den er skrive ut frå ein objektiv vinkling.



I lokalavisa Suldalsposten var det før jul ein featureartikkel der tema var advendt. Snart er det advendt Kjenneteikn på at dette er ein feature er at den har ei fri form; ” Kva tankar har de om advent? Barna sparkar små hol i sanden, vippar litt på kanten av sandkassen, litt usikre på kva spørsmålet eigentleg betyr.” I denne artikkelen dreier det som om eit tema. ”Den fine tida fram mot jul står føre oss. Butikkane vert snart tona i raudt og fiolett.” står det m.a. i ingressen. Dette er såkalla ”mjukt stoff”, og det er tidlaust. Denne artikkelen hadde gjerne vore like aktuell året etter på same tid.