Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

fredag 22. januar 2010

Kommentar til artikkelen "Mot mediedysleksiens tidsalder"

Vettenranta skriv i kapittelet ”Mot mediedysleksiens tidsalder” i boka "Mediedanning og mediepedagogikk" mellom anna om mediekompetanse blant born og unge og om IKT blir sett på som ein risiko eller moglegheit. Vettenranta tek opp svært interessante tema som gir rom for reflektering. ”Kan fjernsynsansiktet, fjernt som det er i tid og rom, skape tilstrekkelig empati til at unge mennesker kan føle moralske ansvar og etisk forpliktelse overfor lidende mennesker?”(Vettenranta, s. 14) spør han. Ofte kan det nok være vanskeleg for born og unge å forhalde seg til det ein ser på nyhendene. Likevel er det nok ikkje berre born som kan ha problem med å ta inn over seg alt det grusomme som skjer i verda. Kva skal ein gjere med dette? Skru av TV? Ikkje google på internett? Lukke augo att når det er noko som streifar oss som ikkje er ”pent” for oss å være vitne til?


”Gjør globalisering oss mer like, eller blir vi gjennom mediene mer bevisste på vår annerledeshet?” (Ibid: 14)spør Vettenranta vidare. Det er ikkje godt å svare på og er noko som globaliseringsforskarar ikkje blir samde om. For å svare for min eigen del får eg ofte ei kjensle av å være takksam for det eg har når eg ser kor grufullt andre menneske har det i sin kvardag. Det gir rom for ettertanke. Og som vidare kan føre til at unge blir meir medvitne om at vi faktisk har det svært bra her i dette landet, utan at ein skal ta bort omgrepet ”nestekjærlighet” og empati. Her blir det viktig, som Vettenranta skriv, og sette fokus på etisk-moralske ferdigheiter. Dette meiner eg at skulen kan bidra med på ein god måte. Samstundes som ein tek føre seg ”nett-vett” og kildekritikk bør ein også setje fokus på at mediene bidrar til vår eigen definisjon; identitet og kultur. ”Vi bør trekke sterkere fram viktige elementer av det gamle danningsidealet, som moral, etikk og ansvar(…) En dannet mediebruker i dagens samfunn kan motstå press fra omgivelsene ved integritet og bevissthet om seg selv.” (Ibid:20)

Dette oppsummerer på ein fin måte noko om mine eigne forventningar til DKL104-emnet; korleis kan ein som lærar bidra til at born og unge står betre rusta til å takle og gjere seg nytte av alle moglegheiter som ein står overfor, og hjelpe dei til å reflektere over kva dei er vitne til, gi dei stabilitet og det å lære empati og ansvar. I følge Vettenranta bør ein unngå å skape ”mediedyslektiske” unge menneske og være medviten om mediekulturens- og danningas samfunnsmessige og politiske koplingar. (Ibid:31)

torsdag 21. januar 2010

Frozen yoghurt og anna nyttig informasjon

Det finst utruleg mange moglegheiter gjennom bruk av internett. Det finst eit hav av ulike nettsamfunn, og dei alle fleste har heilt sikkert kjennskap til Facebook. Eg har mange i min omgongongskrins som høgt og hellig sverga på at dei aldri skulle bli medlem i noko slikt ”tull”- det var jo rett og slett berre forviteskap og total uinteressant informasjon ein fekk vart vitne til om ein vart med. Fleire av desse såkalla ”anti-facebook” har måtta krope til korset. Gjerne var det akkurat interessa for kva venninner og gamle flammar frå 9.klasse har i statusfeltet som lokka?


Som øvingsoppgåve i Sosial Web 1 skulle ein melde seg inn i tre ulike nettsamfunn, der eit var obligatorisk, nemlig ”Del og bruk”. På hovedsida står det at det er eit nettverk for både lærarar og pedagogar, forskarar og byrokratar for å nemne nokre. Målet med nettstaden er å dele og få auka kunnskap kring digital kompetanse. Kontrasten kunne gjerne ikkje være større i høve til Facebook der høgdepunktet for mange er å kunne skrive ”sett inn eit hjarte i statusfeltet mitt for å sjå kor mange som er glad i meg”

Misforstå meg rett- Facebook har mange gode kvalitetar også, og eg er sjølv ein ”aktiv brukar”, eller rett og slett ”forviten brukar” som ein gjerne også kan kalle det. Poenget må jo også være å kunne sjå føremonenene med slike nettstader som i utgongspunktet kan virke veldig overflatiske. Likevel kan slike nettstader som Facebook og Twitter bidra til å auke kunnskapen om kva som skjer i samfunnet kring oss. Dette kan være eit engasjement for å behalda den lokale skulen i bygda, eller det kan være å auka interressa kring ”Earth Hour” som snart går av stabelen.

I skulesamanheng har eg likevel problemer med å sjå kva føremoner ein kan ha av å bruke Facebook. Men her kan ein t.d. opprette grupper der lærarane legg ut lekser og oppgåver, og som vidare elevane kan nytte i heimearbeidet. I samband med ”nett-vett” kan det være lurt å relatere undervisninga til Facebook, då dei aller fleste elevane kjenner til denne nettstaden, og har kjennskap til den. At ein i undervisninga gå gjennom kva som ikkje er så lurt å gjere på Facebook kan være ein måte å nå ut til elevane på i høve til nettvett.

Ein annan nettstad eg melde meg inn i er den meir og meir kjente Twitter som ein på mange måter kan skildrast som ein søkjemotor. ”See what people are saying about….” etterfulgt av det du måtte lure på. ”Popular topics by the minute” er nett no, ikkje uventa, Haiti og, noko mindre alvorleg- Shorty Award(!). Ved å få ein konto på (eller i) Twitter kan ein kommentere, skrive innlegg og få kontakt med personar over heile verda. Her har ein ikkje ”mine vener”-konseptet, men ein kan følge andre sine profilar. For å nå ut til flest folk kan det jo være greit å skrive på engelsk, og få ein ekstra øving i det. Elles er Twitter er ein flott måte å halde seg oppdatert kva som skjer til ei kvar tid, om både alvorlege tema, men også rett og slett vite at nett no er det ei dame som kallar seg 143nono som sit å nyt ein ”frozen yoghurt”.