Når ein underviser elevar er mål nummer ein at dei faktisk skal lære noko av deg. Kompetansemåla står sirleg skrive i LK-06, men det er knytta større fridom til korleis elevane skal nå desse måla. ”Skolen skal ha rom for alle, og lærerne må derfor ha blikk for den enkelte. Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse. (…) Læreren må bruke både variasjonene i elevens anlegg (…) som en ressurs for alles utvikling og for allsidig utvikling.” (LK-06 s. 10) Dette seier meg noko om at ein skal leggje opp undervisninga på ein måte som passar den einskilde elev. Dette er gjerne ikkje like lett på alle skular med mange elevar per lærar, men på den fådelte skulen eg undervisar på, er det ein glimrande moglegheit for å få dette til. Det å knytte elevane sin mediekultur inn i undervisninga meinar eg fører til betre motivasjon for læring- ein møter elevane i noko som er kjend og nær dei sjølve.
Det er ein kjend sak at mange elevar masar om å sjå film i timane- det gjer i alle fall elevane på skulen eg jobbar. Og utfordringa her må bli at å sjå film ikkje bør bli brukt som ”belønning” etter at ”rett” og ”viktig” undervisning er unnagjort. Eg trur det her er veldig viktig for læraren å finne nytta av det å sjå ein film i samband med eit tema som elevane har om, for det å sjå film kan faktisk være veldig lærerikt når det kan passe slik. Youtube er også ein nettstad mange unge likar å søkje på saker og ting (ikkje alt er sjølvsagt skulerelatert), og for å i møte kome elevane lot eg dei få gå inn på youtube i ein engelsktime vi hadde om amerikansk fotball, der oppgåva deira var å finne ut korleis amerikansk fotball virkar. Elevane var svært ivrige, og vi måtte prate om mellom anna filmen ”We are Marshall” som er bygga på ein sann historie då eit heilt amerikansk fotballag sat i flyet då det styrta, og kva dette gjorde med lokalsamfunnet i USA. Enda på visa var at i fleire friminutt etter dette spela elevane ein versjon av amerikansk fotball! Skulle vi berre brukt læreboka den timen, trur eg at eg kan påstå at resultatet hadde blitt noko heilt anna….
Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Heilt enig, Bente!
SvarSlettEg bruker også You Tube i mi undervisning og det er heilt supert når det blir sett inn i rette samanhengen. De siste oppgåvene eg har laga til elevane mine no er at eg "embedder" ulike klipp inn i oppgåver i It`s learning. T.d. filmsnuttar på engelsk elevane skal gjenfortelle på engelsk. Elevane blir også motivert når vi bruker ulike kilder i undervisninga og kanskje ekstra når det er kilder dei sjølv bruker på fritida si.
"Keep up the good work!"