Når ein underviser elevar er mål nummer ein at dei faktisk skal lære noko av deg. Kompetansemåla står sirleg skrive i LK-06, men det er knytta større fridom til korleis elevane skal nå desse måla. ”Skolen skal ha rom for alle, og lærerne må derfor ha blikk for den enkelte. Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse. (…) Læreren må bruke både variasjonene i elevens anlegg (…) som en ressurs for alles utvikling og for allsidig utvikling.” (LK-06 s. 10) Dette seier meg noko om at ein skal leggje opp undervisninga på ein måte som passar den einskilde elev. Dette er gjerne ikkje like lett på alle skular med mange elevar per lærar, men på den fådelte skulen eg undervisar på, er det ein glimrande moglegheit for å få dette til. Det å knytte elevane sin mediekultur inn i undervisninga meinar eg fører til betre motivasjon for læring- ein møter elevane i noko som er kjend og nær dei sjølve.
Det er ein kjend sak at mange elevar masar om å sjå film i timane- det gjer i alle fall elevane på skulen eg jobbar. Og utfordringa her må bli at å sjå film ikkje bør bli brukt som ”belønning” etter at ”rett” og ”viktig” undervisning er unnagjort. Eg trur det her er veldig viktig for læraren å finne nytta av det å sjå ein film i samband med eit tema som elevane har om, for det å sjå film kan faktisk være veldig lærerikt når det kan passe slik. Youtube er også ein nettstad mange unge likar å søkje på saker og ting (ikkje alt er sjølvsagt skulerelatert), og for å i møte kome elevane lot eg dei få gå inn på youtube i ein engelsktime vi hadde om amerikansk fotball, der oppgåva deira var å finne ut korleis amerikansk fotball virkar. Elevane var svært ivrige, og vi måtte prate om mellom anna filmen ”We are Marshall” som er bygga på ein sann historie då eit heilt amerikansk fotballag sat i flyet då det styrta, og kva dette gjorde med lokalsamfunnet i USA. Enda på visa var at i fleire friminutt etter dette spela elevane ein versjon av amerikansk fotball! Skulle vi berre brukt læreboka den timen, trur eg at eg kan påstå at resultatet hadde blitt noko heilt anna….
Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!
Viser innlegg med etiketten endring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten endring. Vis alle innlegg
torsdag 26. november 2009
onsdag 7. oktober 2009
Den verkelege flaskehalsen!
Det er interessant at Vibeke Kløvstad brukar begrepet ”flaskehals” om lærarane når det gjeld IKT i skulen. (Aftenposten, "Læreren er flaskehalsen" 19.08.09) Men eg må likevel kunne være så frimodig å stille eit stort spørjeteikn til artikkelen. Når ein elev ikkje får oppnådd måla sine i forhold til Kunnskapsløftet, som til dømes ulike ferdigheiter i engelsk, RLE eller andre fag- er det då så enkelt å seie at det var læraren som fungerte som ein flaskehals i forhold til elevane sine ferdigheiter? Eg meiner ein må gå djupare inn i dette, og då blir det for enkelt å peike på at det er lærarane si skuld at måla om digital kompetanse ikkje blir oppnådd.
Morten Søby gjer i rapporten ”Digital skole hver dag -om helhetlig utvikling av digital kompetanse i grunnopplæringen” denne definisjonen av digital kompetanse: ”Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet.” For å kunne greie å oppnå denne type kompetanse kjem rapporten med ei rekkje anbefalingar, og særskilt eit punkt synest eg var særs viktig; ”Lærerutdanning i en digital tidsalder”. Her nemner han at rammeplanen for lærarutdanninga må inkluderas utvikling av digital kompetanse, både teoretisk og praktisk.
Dette vil eg gjerne spinne litt vidare på, og spørje om det ikkje er lærarhøgskulane som fungerer som ein flaskehals for å utvikle digital kompetanse? Eg er nyutdanna lærar og eg meiner det så absolutt burde kome betre fram i lærarutdanninga dette med IKT i skulen, og ikkje minst korleis bruke IKT i skulen; rett og slett lære å lære frå seg kunnskap! Jau, vi har sjølvsagt pedagogikk i lærarutdanninga og jau, vi har praksis på ulike trinn, men eg (og fleire av mine medstudentar) sakna rett og slett det å lære å lære frå seg! Dette drar ein sjølvsagt med seg i alle fag, og også innanfor digital kompetanse, for det hjelper så lite om ein lærar fekk A på både oppgåver og eksamenar når den læraren rett og slett ikkje når ut til elevane sine.
Det finst heilt sikkert utruleg mange lærarar rundt om i landet som har stor digital kompetanse, og som er flinke til å både bruke denne kunnskapen i undervisninga si og lære frå seg ferigheitene sine. Dette er kjempe flott, men eg har ein påstand om at denne kunnskapen ikkje nødvendigvis vart utvikla på lærarhøgskulen… I og med at den digitale kompetansen skal bli høgare og ein har ulike mål ein skal oppnå i Kunnskapsløftet burde ein også på lærarhøgskulane ta for seg IKT i mykje større grad og korleis gå fram for å nå ut til elevane med denne kunnskapen. Det er for så vidt ein interessant observasjon at så og seie alle som tek dette studiet, inkludert meg sjølv er lærarar. Kva fortel dette oss?
__________________________________
Aftenposten, "Læreren er flaskehalsen" 19.09.09 http://www.nrk.no/nyheter/1.6736536
Søby (2005), ITU (http://www.udir.no/upload/Rapporter/ITU_rapport.pdf)

Etiketter:
DKL103NN,
endring,
flaskehalsar
Abonner på:
Innlegg (Atom)