Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

fredag 27. november 2009

Læringsrom

Prinds byggjer teorien om "tre læringsrom" på professor Aufenangers tre læringsprosessar, og vidare er det Erling Petterson som formulerer ein oppdeling av desse læreprosessane i tre rom. (Prinds (1999) s.33,34)

-Undervisningrommet, -Praksisrommet, -Studierommet

I "undervisningsrommet", eller læringen i klasserommet, er det lærar og elev som arbeidar med stoffet i felleskap. Her er det dialog mellom lærar og klasse og det kan være mindre gruppearbeid. Undervisningsrommet er lærarstyrt, men ein kan også gi elevane meir ansvar. Målet for dette rommet vil fyrst og fremst være formidling av nytt stoff i tillegg til dialog. Det er gjerne dette rommet ein er mest kjend med då undervisning oftast går føre seg i eit klasserom. Vidare byggjer dette rommet på læringsteorien "mesterlæreteorien", som som "går ud på at den enkelte elev eller gruppe af elever lærer bedst når eleven/eleverne trænes tæt af en lærer."

I ”træningsrommet”eller praksisrommet, som Petterson formulerar det som, står det at elevane jobbar individuelt eller i gruppe med dei ferdigheitene dei har opparbeida seg i undervisningsrommet, og dei lærer ut frå eigen læringsstil.

torsdag 26. november 2009

YouTube som ein ressurs i undervisninga!

Når ein underviser elevar er mål nummer ein at dei faktisk skal lære noko av deg. Kompetansemåla står sirleg skrive i LK-06, men det er knytta større fridom til korleis elevane skal nå desse måla. ”Skolen skal ha rom for alle, og lærerne må derfor ha blikk for den enkelte. Undervisningen må tilpasses ikke bare fag og stoff, men også alderstrinn og utviklingsnivå, den enkelte elev og den sammensatte klasse. (…) Læreren må bruke både variasjonene i elevens anlegg (…) som en ressurs for alles utvikling og for allsidig utvikling.” (LK-06 s. 10) Dette seier meg noko om at ein skal leggje opp undervisninga på ein måte som passar den einskilde elev. Dette er gjerne ikkje like lett på alle skular med mange elevar per lærar, men på den fådelte skulen eg undervisar på, er det ein glimrande moglegheit for å få dette til. Det å knytte elevane sin mediekultur inn i undervisninga meinar eg fører til betre motivasjon for læring- ein møter elevane i noko som er kjend og nær dei sjølve.


Det er ein kjend sak at mange elevar masar om å sjå film i timane- det gjer i alle fall elevane på skulen eg jobbar. Og utfordringa her må bli at å sjå film ikkje bør bli brukt som ”belønning” etter at ”rett” og ”viktig” undervisning er unnagjort. Eg trur det her er veldig viktig for læraren å finne nytta av det å sjå ein film i samband med eit tema som elevane har om, for det å sjå film kan faktisk være veldig lærerikt når det kan passe slik. Youtube er også ein nettstad mange unge likar å søkje på saker og ting (ikkje alt er sjølvsagt skulerelatert), og for å i møte kome elevane lot eg dei få gå inn på youtube i ein engelsktime vi hadde om amerikansk fotball, der oppgåva deira var å finne ut korleis amerikansk fotball virkar. Elevane var svært ivrige, og vi måtte prate om mellom anna filmen ”We are Marshall” som er bygga på ein sann historie då eit heilt amerikansk fotballag sat i flyet då det styrta, og kva dette gjorde med lokalsamfunnet i USA. Enda på visa var at i fleire friminutt etter dette spela elevane ein versjon av amerikansk fotball! Skulle vi berre brukt læreboka den timen, trur eg at eg kan påstå at resultatet hadde blitt noko heilt anna….

mandag 23. november 2009

Rekneark berre for matematikkfaget?

Då eg starta opp på dette studiet, og hadde som utgongspunkt å nsten ikkje kunne nokon ting innan data, såg eg særskilt mørkt på emnet som hadde med rekneark å gjere. Likvel, då eg las leksjonen om rekneark og sette meg inn i dette emnet vart eg overraska over at eg hadde mistolka kva excel dreier seg om. Det er nemlig ikkje berre knytta til matematikkfaget, noko som eg alltid har trudd; det viste seg å være veldig mykje ein kan gjere med reknark om ein berre lærar seg dei ulike formlane og sett seg litt inn i det.

Eg laga eit oppsett der elevane skulle øve seg i ordklasseb verb og setje inn rett form av verbet. Det kjem fram om det er rett eller galt. Oppgåva er berekna på elevar på 7.trinnet, der dei skal testa seg i bøying av verb. Dette er ei øvingsoppgåve retta mot kompetansemålet som seier elevane skal kunne bruke oppslagsverk og ordbøker. Då er det t.d. viktig at elevane veit at ein må leite etter rett form av verbet i ordboka. Denne oppgåva kan vidare også være nyttig for t.d. elevar som har bokmål som si målform når dei skal ha om nynorsk, og omvendt.

Å jobbe med excel gir oss mange moglegheiter til å la elevane jobbe med stoff på ulike måtar. Eg trur at ved å gi elevane øvingsoppgåver i t.d. engelsk på reknearket vil føre til at motivasjonen deira aukar fordi dei får retting der og då, samstundes at dei får skrive på data.

søndag 22. november 2009

Ukritisk sjølvdyrking på internett

At vi lever i ei tid der vi eksponerer oss sjølve til det ytterste herskar det ingen tvil om. Med facebook og andre nettstader får vi vite kva naboen har tenkt å ha på brødskiva til frukost, og vi blir oppdaterte med bilete frå festen sist fredag. Spørsmålet blir berre om dei som publiserar ulike bilete frå t.d festar og feriar verkeleg har fått klarsignal frå personane på bileta om å bli lagt ut? Dette tvilar eg sterkt på, og dermed er det brot på Åndsverkloven § 45c der det kjem klart fram at ein må ha samtykke i at bilete blir publisert, med unntak av desse punkta:


”1. avbildningen har aktuell og allmenn interesse,


2. avbildningen av personen er mindre viktig enn hovedinnholdet i bildet,


3. bildet gjengir forsamlinger, folketog i friluft eller forhold eller hendelser som har allmenn interesse, [Kalles 17. mai paragrafen, red. anmerkning]


4. eksemplar av avbildningen på vanlig måte vises som reklame for fotografens virksomhet og den avbildede ikke nedlegger forbud, eller


5. bildet brukes som omhandlet i § 23 første ledd tredje punktum eller § 27 andre ledd. Vernet gjelder i den avbildedes levetid og 15 år etter utløpet av hans dødsår (Åndsverkloven, 1961 §45c)”


Det er svært viktig at skulane har fått samtykke frå foreldra for at dei kan publisere bilete på t.d. skulen si heimeside. Dette kan rett og slett være ein ”prinsippsak” for dei føresatte, eller det kan være av alvorligare art at familien lever i skjul og at enkelte personar ikkje skal finne ut kor dei bur. Begge deler skal sjølvsagt skulen respektere. Elles er eg eining med Anna Vold som skriv i bloggen sin at ein bør bevisstgjere ungane på biletbruk på ineternett, fordi no er barna gjerne meir digitale enn foreldra, men ikkje er modne nok til å tenkje konsekvensane av det dei gjer når dei utgir seg på nettet.

fredag 13. november 2009

Vurderingspraksis

På skulen eg jobbar har kvar elev sin portefølje som er ein fysisk perm der elevane set inn arbeid som dei er nøgde med. Dei må skrive ein liten refleksjon som eit vedlegg til arbeidet om kvifor dei vil ha inn akkurat det arbeidet, kvifor dei er nøgd med det osb. Etterpå skal foreldra også skrive ein kommentar til arbeidet. Det som er veldig viktig er at det berre skal være positive kommentarar. Det er lærarane som på førehand har ei liste over kva type arbeid som skal være med i porteføljemappa som t.d ein matteprøve, ei forteljing osb. Ein slik type vurdering hadde det også vore interessant å gjere digital, at alle elevane har digitale mapper. Utover dette gir ein som lærar kommentar på ulike testar og prøvar som elevane har, men dette blir gjort på den ”gammaldagse” måten med ”pen og papir”. Det bør være eit mål for skulen å få i stand ein meir digitalisert ”test-ordning” ved hjelp av t.d. It`s Learning etterfulgt med at lærar kommenterer direkte på arbeidet digitalt. Det hadde vore interessant å nytte datamaskinane meir i undervisninga slik som Halbrend og Flatene skule gjer, dette med at elevane googlar ulike emne og kan bidra i samtalane. Dermed trur eg elevane føler seg meir inkludert, at dei også kan komme med ulike fakta som gjerne ikkje læraren heller veit noko om!

mandag 2. november 2009

Definisjonar av digital kompetanse

Søby, Erstad, Baltzersen og Krumsvik definerer digital kompetanse, men på litt ulike måtar. Søby meiner at ”digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, kreativitet og holdninger som alle trenger for å kunne bruke digitale medier for læring og mestring i kunnskapssamfunnet”. Erstad definerer digital kompetanse må tilnærma lik måte, men han har ikkje med ordet ”kreativitet”, og i staden for å seie ”kunnskapssamfunnet” bruker han omgrepet ”det lærende samfunnet”. Erstad legg altså vekt på at ein må ha kunnskaper og ferdigheter og rette haldningar når ein tek i bruk digitale medier i det lærande samfunnet. Søby er meir knytta til skulen då meiner eg då han også legg vekt på kreativitet og har med meistring i kunnskapssamfunnet.


Baltzersen deler omgrepet inn i seks komponentar i ein pyramide, der dei tre nederste komponentane er ”grunnleggjande digitale ferdigheter, digital navigeringskompetanse og kildekritisk vurderingsevne”. Krumsvik meiner ”Digital kompetanse er læraren sin evne til å bruke IKT fagleg med pedagogisk-didaktisk IKT-skjønn og å vere bevisst kva dette har å seie for læringsstrategiane og danningsaspekta til elevane” (R. Krumsvik, 2007). Denne definisjonen er den som er mest relevant til ein skulekvardag, men også Søby sin som omfattar kreativitet i definisjonen meiner eg er mest like og dei seier det same. Eg meiner det er viktig at ein tek i bruk ordet kreativitet slik at ein kan leike seg til ny kunnskap slik at ein oppdagar kor kjekt og kor mange moglegheiter som fint når ein jobbar med IKT.