Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!
fredag 13. november 2009
Vurderingspraksis
På skulen eg jobbar har kvar elev sin portefølje som er ein fysisk perm der elevane set inn arbeid som dei er nøgde med. Dei må skrive ein liten refleksjon som eit vedlegg til arbeidet om kvifor dei vil ha inn akkurat det arbeidet, kvifor dei er nøgd med det osb. Etterpå skal foreldra også skrive ein kommentar til arbeidet. Det som er veldig viktig er at det berre skal være positive kommentarar. Det er lærarane som på førehand har ei liste over kva type arbeid som skal være med i porteføljemappa som t.d ein matteprøve, ei forteljing osb. Ein slik type vurdering hadde det også vore interessant å gjere digital, at alle elevane har digitale mapper. Utover dette gir ein som lærar kommentar på ulike testar og prøvar som elevane har, men dette blir gjort på den ”gammaldagse” måten med ”pen og papir”. Det bør være eit mål for skulen å få i stand ein meir digitalisert ”test-ordning” ved hjelp av t.d. It`s Learning etterfulgt med at lærar kommenterer direkte på arbeidet digitalt. Det hadde vore interessant å nytte datamaskinane meir i undervisninga slik som Halbrend og Flatene skule gjer, dette med at elevane googlar ulike emne og kan bidra i samtalane. Dermed trur eg elevane føler seg meir inkludert, at dei også kan komme med ulike fakta som gjerne ikkje læraren heller veit noko om!
Etiketter:
DKL103NN,
vurdering av basisferdigheter,
vurderingspraksis
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar