Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

mandag 3. mai 2010

Podcast

Gruppa gjorde øvingsoppgåva vi vart oppmoda til å gjere i starten på leksjonen som omhandla podcast.
Svein Carlos redigerte dette, heilt enkelt med klipp og lim for å få ein forståelse korleis programmet verka.
Her er ein link til øvingsoppgåva vår, med trykk på øving ;)

Lydopptak

Video i Xtranormal

Då eg las blogginnlegget til Anna Vold der ho hadde laga ein film i programmet Xtranormal vart eg verkeleg begesitra! Eg har prøvd ut dette i ein engelsktime med elevane mine, og dei har storkost seg. Eg ser ikkje ulempa med at dette programmet er kun med engelsk tekst, fordi det er flott for elevane å øve seg i å skrive på engelsk.

Filmen eg har laga tek føre seg Facebook og publisering av bilde. Film om Facebook

tirsdag 27. april 2010

Vurdering av nettsider

Som ei av øvingsoppgåvene i leksjonen om utvikling og testing skulle eg ta føre meg 2-3 nettstader som eg skal vurdere.


Nettstaden Horvei Elektro er veldig enkel, og i høve til mitt syn for enkel. Her får du knapt nok informasjon om at sida er for deg som treng ein elektrikar, og det kan verke som at dei som finn fram til denne nettsida er lokale. Sida har eit svært enkelt design, med berre ein kvit bakgrunn og fire ulike personar som ein sannsynlegvis arbeidar som elektrikarar.

Cirka.biz er ei nettside som jobbar for å fremje filmskaparar. På framsida er det mykje tekst med liten størrelse og ikkje lett å lese. Bakgrunnsfargen likar eg heller ikkje, og meiner heile sida burde være meir ”sprek” i høve til produktet dei vil ha fram. For å sjå nettsida deira må ein ha Flash får lesaren beskjed om, og ein kan følje nokre instruksar for å få dette til.

Start.no er ei side som er emir ungdommeleg i uttrykket, der ein kan lese oppdateringar på filmar og ta ulike testar og quizar som er meir eller mindre seriøse. Det er ein god del reklame på sida, mellom anna for ”Norges største spåsenter” og eg meiner den framstår som litt rotete. Dette er ei side som kan appellere til personar som berre surfar på nettet utan mål og meining og som må slå i hel litt tid. Her får vi både nyttig og veldig lite nyttig informasjon.

Prosjekt og produkt

I leksjonen om Prosjekt og produkt har vi fått innsikt i korleis prosjektarbeid fungerer som ein arbeidsmetode samstundes som ein lærer noko. Definisjonen på eit prosjektarbeider er ” Et problemorientert, tidsavgrenset, resultatrettet, samarbeidsbasert, engangsarbeid.”(Andersen og Schwencke, 2001 s.11)

Problemstilling og målformulering er viktig når ein arbeider med eit prosjekt, og desse styrer måten ein arbeidar på. ”De styrer innhenting av informasjon, bearbeidingen av informasjonen, drøftingane og arbeidet med konklusjonen. (Andersen og Schwencke, 2001 s. 28)

Dette kan nok i mange tilfelle var vanskeleg for elevane, i alle fall jo yngre dei er, og eg meiner det er viktig at dei får trening i korleis prosjektarbeid fungerer. Då må ein jo sjølsagt bidra med god hjelp, og gjerne på førehand ha funne tema elevane kan velje mellom. I kompetansemål i samfunnsfag etter 7. Trinn står det m.a at elevane skal ”velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder”.

Kompetansemål i RLE etter 7.trinn: ”beskrive moskeen og reflektere over dens betydning og bruk og nytte digitale verktøy til å søke informasjon og lage presentasjoner”.

Tema: Islam

Avgrensing av tema: Skildre moskeen

Avgrensa tema: Korleis skildre moskeen og reflektere over tydinga og bruksområde?

Avgrensing av problemstilling: Korleis kan vi ved hjelp av digitale verktøy skildre moskeen og reflektere over tydinga og bruksområde?

Avgrensa problemstilling: Gjennom å produsere ein Nettstad som avis, korleis skildre moskeen og reflektere over tydinga og bruksområde?

søndag 25. april 2010

Netvibes

Her er ein link til informasjonsnav eg laga i samband med M3-oppgåva. Informasjonsnav om FN
Før eg las leksjonane om Informasjonskompetanse hadde g aldri høyrt om verken RSS-feed eller Netvibes. Det var jammen ikkje for tidleg- så dette er noko eg definitivt vil nytte i skulen!

fredag 23. april 2010

Tilpassa opplæring

For elevar som slit med lese-og skrivevanskar, og som gjerne i tillegg har utfordringar når det gjeld det motoriske også, meiner eg at digitale verkty vil lette børa på skuldrene deira! Ikkje berre elevar med særskilte behov kan dra nytte av digitale verkty, men dette kan være ein stor fordel for alle elevar i skulen. I Aftenposten 9. September 2002 stod det ein artikkel om Arne Trageton som står bak forskninga på tekstskaping på datamaskin.


”Skolebarn lærer raskere å skrive og lese ved bruk av PC, i følgje en fersk undersøkelse. (…) Barn bør lære seg å skrive på data før de lærer håndskrift. En viktig forklaring er at lek på tastatur øker skrive- og lesegleden og barna slipper samtidig å streve med motorikken, sier Arne Trageton, førsteamanuensis ved Høgskulen Stord/Haugesund.”

Tekstskaping med data. Arne Trageton

Det er dessutan mange nyttige lærespel som elevane kan bruke i tilpassa undervising. Elevane lærer på ulike måtar, og ein har rett på tilpassa undervisning. I matematikk er det slett ikkje alle det passar for å berre sitje å rekne i boka si. Som eit alternativ kan elevane jobbe på data med oppgåver som er relatert til det som står i boka. Læreverket Abakus har også ein nettressurs som er gratis å bruke på adressa http://www.lokus123.no/;  Matematikk på internett, 4.trinnHer kan elevane jobbe med stoff som omhandlar det ein finn i papirutgåva.

”Informasjonsteknologien gir også rom for nye metoder som simulering og utprøving. Vi tror på variert metodebruk innenfor alle felt, og IKT kan bidra til det. Også innenfor IKT som eget felt er det rom for variert metodebruk.” (Bjørnø m. fl., s.247) Ein skal altså ha variasjon i undervisninga, og ein kan også leggje til rette for variasjon når det gjeld å jobbe på data. Gjennom å la elevane jobbe med både skriveprogram, informasjonssøk, lage eigne bloggar, teikneserie ved hjelp av digitale verkty osb. Dette har eg sjølv veldig gode erfaringar med, og elevane synes det er morosamt og ”gløymer” at dei er i ein læringsprosess, men har fått gode kunnskaper utan at dei berre må sitje med nasen planta i ei bok.

Eg meiner også det er viktig at elevane sjølve kan kome med innspel i høve til korleis dei jobbar best. Nokre elevar får mykje større utbytte av ei oppgåve dersom dei får gjere arbeidet på datamaskina, medan andre likar best å bruke blyanten. Det viktigaste er at alle elevar blir sett der dei er, og at alle har moglegheiter til å oppnå å bli digitalt kompetente- på lik linje med andre grunnleggjande ferdigheiter i skulen!

torsdag 22. april 2010

Google nettstad til bruk i skulen

Google nettstad var verkeleg eit kjekt verkty, og ikkje minst nyttig å bruke i skulen! Det passar godt å opprette ein nettstad om eit emne som elevane etterpå kan redigere i og gjere nettstaden slik dei vil den skal sjå ut. I samfunnsfag 5-7. trinn skal vi lage ei tidslinje frå Vikingalderen og fram til i dag, og vi har nett kome til mellomalderen. Difor har eg oppretta ein Google nettstad som det er meint elevane skal oppdatere etter kvart. Fordelen er at ein kan jobbe både på skulen og heime, så sant ein har tilgong til internett.

Nettstad om mellomalderen