Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

fredag 23. april 2010

Tilpassa opplæring

For elevar som slit med lese-og skrivevanskar, og som gjerne i tillegg har utfordringar når det gjeld det motoriske også, meiner eg at digitale verkty vil lette børa på skuldrene deira! Ikkje berre elevar med særskilte behov kan dra nytte av digitale verkty, men dette kan være ein stor fordel for alle elevar i skulen. I Aftenposten 9. September 2002 stod det ein artikkel om Arne Trageton som står bak forskninga på tekstskaping på datamaskin.


”Skolebarn lærer raskere å skrive og lese ved bruk av PC, i følgje en fersk undersøkelse. (…) Barn bør lære seg å skrive på data før de lærer håndskrift. En viktig forklaring er at lek på tastatur øker skrive- og lesegleden og barna slipper samtidig å streve med motorikken, sier Arne Trageton, førsteamanuensis ved Høgskulen Stord/Haugesund.”

Tekstskaping med data. Arne Trageton

Det er dessutan mange nyttige lærespel som elevane kan bruke i tilpassa undervising. Elevane lærer på ulike måtar, og ein har rett på tilpassa undervisning. I matematikk er det slett ikkje alle det passar for å berre sitje å rekne i boka si. Som eit alternativ kan elevane jobbe på data med oppgåver som er relatert til det som står i boka. Læreverket Abakus har også ein nettressurs som er gratis å bruke på adressa http://www.lokus123.no/;  Matematikk på internett, 4.trinnHer kan elevane jobbe med stoff som omhandlar det ein finn i papirutgåva.

”Informasjonsteknologien gir også rom for nye metoder som simulering og utprøving. Vi tror på variert metodebruk innenfor alle felt, og IKT kan bidra til det. Også innenfor IKT som eget felt er det rom for variert metodebruk.” (Bjørnø m. fl., s.247) Ein skal altså ha variasjon i undervisninga, og ein kan også leggje til rette for variasjon når det gjeld å jobbe på data. Gjennom å la elevane jobbe med både skriveprogram, informasjonssøk, lage eigne bloggar, teikneserie ved hjelp av digitale verkty osb. Dette har eg sjølv veldig gode erfaringar med, og elevane synes det er morosamt og ”gløymer” at dei er i ein læringsprosess, men har fått gode kunnskaper utan at dei berre må sitje med nasen planta i ei bok.

Eg meiner også det er viktig at elevane sjølve kan kome med innspel i høve til korleis dei jobbar best. Nokre elevar får mykje større utbytte av ei oppgåve dersom dei får gjere arbeidet på datamaskina, medan andre likar best å bruke blyanten. Det viktigaste er at alle elevar blir sett der dei er, og at alle har moglegheiter til å oppnå å bli digitalt kompetente- på lik linje med andre grunnleggjande ferdigheiter i skulen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar