Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

torsdag 22. april 2010

Google nettstad til bruk i skulen

Google nettstad var verkeleg eit kjekt verkty, og ikkje minst nyttig å bruke i skulen! Det passar godt å opprette ein nettstad om eit emne som elevane etterpå kan redigere i og gjere nettstaden slik dei vil den skal sjå ut. I samfunnsfag 5-7. trinn skal vi lage ei tidslinje frå Vikingalderen og fram til i dag, og vi har nett kome til mellomalderen. Difor har eg oppretta ein Google nettstad som det er meint elevane skal oppdatere etter kvart. Fordelen er at ein kan jobbe både på skulen og heime, så sant ein har tilgong til internett.

Nettstad om mellomalderen

1 kommentar:

  1. Kjekt å ta i bruk dette i skulen, då med ulike tema. Fin nettstad du har laga, som elevane skal arbeide meir med!

    SvarSlett