For elevar som slit med lese-og skrivevanskar, og som gjerne i tillegg har utfordringar når det gjeld det motoriske også, meiner eg at digitale verkty vil lette børa på skuldrene deira! Ikkje berre elevar med særskilte behov kan dra nytte av digitale verkty, men dette kan være ein stor fordel for alle elevar i skulen. I Aftenposten 9. September 2002 stod det ein artikkel om Arne Trageton som står bak forskninga på tekstskaping på datamaskin.
”Skolebarn lærer raskere å skrive og lese ved bruk av PC, i følgje en fersk undersøkelse. (…) Barn bør lære seg å skrive på data før de lærer håndskrift. En viktig forklaring er at lek på tastatur øker skrive- og lesegleden og barna slipper samtidig å streve med motorikken, sier Arne Trageton, førsteamanuensis ved Høgskulen Stord/Haugesund.”
Tekstskaping med data. Arne Trageton
Det er dessutan mange nyttige lærespel som elevane kan bruke i tilpassa undervising. Elevane lærer på ulike måtar, og ein har rett på tilpassa undervisning. I matematikk er det slett ikkje alle det passar for å berre sitje å rekne i boka si. Som eit alternativ kan elevane jobbe på data med oppgåver som er relatert til det som står i boka. Læreverket Abakus har også ein nettressurs som er gratis å bruke på adressa http://www.lokus123.no/; Matematikk på internett, 4.trinnHer kan elevane jobbe med stoff som omhandlar det ein finn i papirutgåva.
”Informasjonsteknologien gir også rom for nye metoder som simulering og utprøving. Vi tror på variert metodebruk innenfor alle felt, og IKT kan bidra til det. Også innenfor IKT som eget felt er det rom for variert metodebruk.” (Bjørnø m. fl., s.247) Ein skal altså ha variasjon i undervisninga, og ein kan også leggje til rette for variasjon når det gjeld å jobbe på data. Gjennom å la elevane jobbe med både skriveprogram, informasjonssøk, lage eigne bloggar, teikneserie ved hjelp av digitale verkty osb. Dette har eg sjølv veldig gode erfaringar med, og elevane synes det er morosamt og ”gløymer” at dei er i ein læringsprosess, men har fått gode kunnskaper utan at dei berre må sitje med nasen planta i ei bok.
Eg meiner også det er viktig at elevane sjølve kan kome med innspel i høve til korleis dei jobbar best. Nokre elevar får mykje større utbytte av ei oppgåve dersom dei får gjere arbeidet på datamaskina, medan andre likar best å bruke blyanten. Det viktigaste er at alle elevar blir sett der dei er, og at alle har moglegheiter til å oppnå å bli digitalt kompetente- på lik linje med andre grunnleggjande ferdigheiter i skulen!
Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!
fredag 23. april 2010
torsdag 22. april 2010
Google nettstad til bruk i skulen
Google nettstad var verkeleg eit kjekt verkty, og ikkje minst nyttig å bruke i skulen! Det passar godt å opprette ein nettstad om eit emne som elevane etterpå kan redigere i og gjere nettstaden slik dei vil den skal sjå ut. I samfunnsfag 5-7. trinn skal vi lage ei tidslinje frå Vikingalderen og fram til i dag, og vi har nett kome til mellomalderen. Difor har eg oppretta ein Google nettstad som det er meint elevane skal oppdatere etter kvart. Fordelen er at ein kan jobbe både på skulen og heime, så sant ein har tilgong til internett.
Nettstad om mellomalderen
Nettstad om mellomalderen
Etiketter:
barn og unges digitale arena,
DKL102NN,
nettsted
onsdag 21. april 2010
Ekornoppførsel på internett
Som lærar ser eg heilt klart at elevane ikkje har den største evna til å gjere informasjonsøk på internett. I leksjonsteksten om informasjonskompetanse står det eit utdrag frå Ekløf som eg meiner treff hovudet på spikaren; ”Kunnskap om nettet, nettets struktur, søkemotorer og søketeknikk er en nødvendig forutsetning for å kunne føre kildekritiske resonnement omkring arbeidet på Internett.”. Ligg ikkje dette i botnen hjå elevane er det vanskeleg å ha føresetnad for å sjå kva som er relevant informarsjon for ei oppgåve og om det ein fann faktisk er seriøs informasjon. Mickael Alexandersson, ved Gøteborg Universitet kjem m.a. med eit nytt omgrep; ”– ”ekornoppførsel”. Elevene samler informasjon, søkingen er tilfeldig og mye av det de finner er lite relevant. Det blir klipp og lim.”
Dette blir meir og meir viktig med gode informasjonsøk og kildekritikk jo høgare opp i klassane ein kjem, og eg meiner det er her noko av den uheldige tankegongen kjem frå. Nemleg å tenkje at elevane på t.d. 4. eller 5. trinn ikkje har den heilt store grunnen til å gjere ”seriøse søk på internett” og få med kilder og kor ein har funne informasjonen. I alle fall trur eg det er slik mange lærarar tenkjer. Og det blir for dumt. I og med Kunnskapsløftet fortel oss at heilt frå 1. Trinn skal ein jobbe med data og internett for å bli digitalt kompetente, mener eg ein bør snakke med elevane om måtar å søkje på internett og å jobbe med kildekritikk. Det er aldri for tidlig å få inn gode arbeidsvanar kring internett.

Ekornoppforsel på internett,
Informasjonskompetanse
tirsdag 20. april 2010
Tankekart i Mindomo
Eg har laga eit heilt enkelt tankekart om FN i Mindomo. Eg kunne heilt sikkert ha teke med mykje meir, men eg har i alle fall prøvd ut programmet. Eg hadde emne FN i Netviben eg oppretta i ei anna oppgåve, og denne sida har eg lenk til i tankekartet. Mindomo var ei veldig kjekk side, og mykje lettare å halde orden på enn det "gammeldagse" tankekaret ein skriv for hand! Dette er verkeleg ei side eg vil at mine elevar skal bli kjend med! Tankekart FN
Etiketter:
DKL102NN,
tankekart,
tenkeverkty
mandag 5. april 2010
Vurdering av nettavis
Arbeidsprosessen
Engasjementet var stort då vi innleia prosjektet og arbeidet med nettavisa. Prosjekteringa starta med val av tema, stil fokus og målgruppe. Det var klart viktig for oss å definere dette på et tidlig tidspunkt. Etter god drøfting kom gruppa fram til at emnet skulle være sosial web, med nettvett som tema. Nettvett er eit viktig tema som vi dessutan hadde jobba med før, til nettradio. Vi ville at artiklane skulle ha ulik vinkling til temaet, og difor femna vi om både skuleaktuelt stoff, som t.d. YouTube og blogg i undervisninga, og fritidsaktuelt stoff som t.d. Facebook. Vi lærte mykje om korleis skrive ein nyhendeartikkel og featureartikkel, og vi retta på kvarandre undervegs i prosessen.
Inntrykket av avisa
Vi er særs nøgde med heilskapen nettavisa vår har, og er særs nøgd med den reine og enkle layouten. Hovudtanken bak nettavisa vår var at den skulle ha ein seriøs stil då målgruppa er vaksne og lærarar. For mykje rot på sida kunne virke forstyrrande, og vi valde difor mellom anna få fargar. Bakgrunnen er kvit og vi har ei lysraud rame rundt sjølve nettavisa. Oversikt over artiklane ligg på rekkje og i venstre marg, noko som gjer det heile ryddig. Vi valde å ha skrifttype Arial i ingress og brødtekst. Dette for å skape ein heilskap i artiklane. Bileta vi har nytta har vi funne på internett eller teke sjølve.
Utfordringar i høve til Ver Varsam-plakaten
Ingen av sakene i nettavisa var ei utfordring å lage i forhold til Vær-Varsom plakaten. Men sidan vi nytta elevar i artiklane var vi særs merksame på § 4.8 "Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker".
Trass i løyve frå føresette, gjorde omsynet til elevane i artiklane om blogg og wiki at bileta vart tekne frå sida. Elevane vart ikkje omtala med namn, men som gruppe. I artiklane om SMS-språk og kjeldekritisk haldning er dei avbilda gutane 13-15 år, og innhaldet er etter vårt syn ikkje av slik art at det kan få negative konsekvensar for dei.
Vurdering av PedIT som verktøy for avisproduksjon
Etter en iherdig innsats og med et godt samarbeid med Norsk Nettskole under denne prosessen fikk vi endelig et solid og godt resultat i form av en ferdig nettavis. Både design og utseende ble til et sammenfattet produkt som vi kunne være godt fornøyd med. Den største utfordringen gjennom dette prosjektet og de ukene vi hadde til rådighet lå på det tekniske planet. PedIT som verktøy for et slikt oppdrag/prosjekt er bare noe gjennom min erfaring jeg kan understreke med at dette ikke er et plattform/verktøy som er særlig brukervennlig for pedagogisk bruk i grunnskolen for sammenlignet prosjekt. Alt for mange tekniske utfordringer som f. eks html koding, design tilpassning, støtte for lagring osv. Det meste vi slet med gjennom denne prosessen var at PedIT helst ville gjøre som den selv ville mens våre handlinger og begrensinger ble automatisk overstyrt og tilbakestilt ved flere anledninger. Bilder og artikler forsvant periodisk og menystyringen i selve avisen hadde en stygg tendens til å flytte på seg med variert mellomrom. Vår tid gikk i forholdet 70/30 til support hos Norsk Nettskole og ikke til selve arbeidet. Det estetiske sluttprodukt var godkjent i gruppen.

arbeidskravoppgåve,
avisproduksjon,
DKL104NN,
nettavis
tirsdag 16. februar 2010
Comic Life
Eg har kommentert Maria Vister Dommersnes sitt innlegg om verkty for samansette tekstar. Her skriv ho mellom anna om Comic Life. Kommentaren min er nedst på sida. Verkty for samansette tekstar, kommentar
Etiketter:
DKL102NN,
kommentar,
samansette tekstar
Døme på nyhendeartikkel og feature
På Dagbladet si nettside fann eg denne artikkelen som er eit døme på nyhendeartikkel Vannkrise i Bergen 16. februar 2010. Overskrifta er Nå er det vannkrise i Bergen etterfulgt av ein kort og konsis ingress ”Bergen kommune ber alle bergensere spare på vannet. Laveste vannstand i regnbyen siden 1861”. Dei fleste av oss kjenner til at det i denne plar det regne store delar av året, og det er difor oppsiktsvekkande når det står at bergenserane må spare på vatnet. Dette er også skrive i kursiv, noko som understrekjer dette. Vidare i brødteksten er det klare teikn på at dette er ein nyhendeartikkel, mellom anna når ein ser på oppbygginga. Den startar med å fortelje det viktigaste fyrst, nemleg at ”Bergen kommune har nedbørsstatistikk tilbake til 1861, og dette er den tørreste perioden mellom desember og februar som noen sinne er blitt målt”, og vidare står det oppforsring om å dusje eitt minutt kortare enn vanleg, og ikkje la vatnet stå på medan ein pussar tennene. Dette er i grovt trekk det viktigaste i nyhendeartikkelen, og difor kjem dette fyrst i artikkelen. Nedst i artikkelen står det lite viktig informasjon, som t.d.” Nedbøren som vanligvis kommer som regn, har kommet som snø.”. Denne artikkelen handlar om noko nytt, og noko som har blitt avdekka, og den er skrive ut frå ein objektiv vinkling.
I lokalavisa Suldalsposten var det før jul ein featureartikkel der tema var advendt. Snart er det advendt Kjenneteikn på at dette er ein feature er at den har ei fri form; ” Kva tankar har de om advent? Barna sparkar små hol i sanden, vippar litt på kanten av sandkassen, litt usikre på kva spørsmålet eigentleg betyr.” I denne artikkelen dreier det som om eit tema. ”Den fine tida fram mot jul står føre oss. Butikkane vert snart tona i raudt og fiolett.” står det m.a. i ingressen. Dette er såkalla ”mjukt stoff”, og det er tidlaust. Denne artikkelen hadde gjerne vore like aktuell året etter på same tid.

Abonner på:
Innlegg (Atom)