I og med at det er haust ute og blada har fine fargar,har eg har vald å ta eit bilete der eit tre er motivet. I bilete ovanfor til venstre er motivet plassert i midten. Treet er dermed klart i fokus. Likevel kan dette bilete verke noko kjedeleg.
Når eg tek i bruk tredjedelsregelen, der biletet får meir luft, er det framleis treet som er motivet, men i og med at vegen kjem meir fram blir også denne interessant. I følge kompendiet "En innføring i fotografering og kamerateknikk" går "Tre-delingsregelen ut på å dele bildeflaten inn i ni like deler: Nesten alle ting som skal plasseres i bildet bør plasseres på en av linjene eller kryssingspunktene."
Eg meiner sjølve motivet kom best til sin rett på bilde nummer ein, men eg synest bilde nummer 2 var meir levande i og med at vegen kom godt fram. Likevel var det jo treet som skulle være i fokus, så dermed vart nok tyngda i bilete nummer to litt for mykje framtredande.
I oppgåva skulle eg også beskjere biletet slik at det vart eit kvadratisk format. Dermed var fokuset på treet mykje større. Gjerdet fungerer også som ei ramme på biletet, og skaper dybde. Gjerdet er med i alle bileta og utan dette kan det være bilda hadde hatt litt for store flatar som lette gjer det kjedeleg og uoversikteleg.
Eg skulle også finne eit bilete på internett og då må eg sjølvsagt reklamere litt for lokalavisa Bygdaposten. Her har eg vald ut eit sommarbilete som heiter "Midnatt på Finnmarksvidda". Bilete er tilgjengeleg frå http://www.bygdaposten.no/thumbnail_stortbilde.cfm?id=1711 Det er sola som er motivet i biletet som er plassert heilt til venstre. Resten av biletet syner landskap som forsvinn i ein bue heilt til venstre med sola. Det er flott form på landskapet til høgre, og dannar ei mjuk og fin linje som deler bilete i to samstundes som den har ein byrjing på såkalla O-form. Dete skapar ein kjensle av heilhet og samanheng. Her er det nytta tredjedelsregelen. Ved fyrste augnekast ser det berre ut som eit landskapsbilete, men vi kan faktisk skimte to personar heilt til høgre i bilete. Dette gir oss assosiasjonar som t.d. fiske eller friluftsliv. Eg synes biletet er flott, men er gjerne litt tungt og mørkt på høgre sida, men samstundes skapar dette ein flott kontrast til sola og det fine lyset på himmelen.
___________________________________________________
Larsen, Per-Otto (2005) En innføring i fotografering og kamerateknikk. [Internett] Tilgjengeleg frå: http://snotpope.com/po/fotokompendie.pdf
Jeg er også glad i høsten og brukte høstbilder i den andre bildeoppgaven vår. Jeg er enig med deg at det første bildet er best siden du ønsker å ha fokus på treet. Det hadde vært spennende å se hva som hadde skjedd dersom du hadde plassert treet til høyre i bildet og dermed unngått veien (den stjeler mye oppmerksomhet i bilde 2). Gjerdet skaper linjer og dynamikk i bildet som uten det antakelig hadde blitt ganske flatt.
SvarSlett