Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!

fredag 22. januar 2010

Kommentar til artikkelen "Mot mediedysleksiens tidsalder"

Vettenranta skriv i kapittelet ”Mot mediedysleksiens tidsalder” i boka "Mediedanning og mediepedagogikk" mellom anna om mediekompetanse blant born og unge og om IKT blir sett på som ein risiko eller moglegheit. Vettenranta tek opp svært interessante tema som gir rom for reflektering. ”Kan fjernsynsansiktet, fjernt som det er i tid og rom, skape tilstrekkelig empati til at unge mennesker kan føle moralske ansvar og etisk forpliktelse overfor lidende mennesker?”(Vettenranta, s. 14) spør han. Ofte kan det nok være vanskeleg for born og unge å forhalde seg til det ein ser på nyhendene. Likevel er det nok ikkje berre born som kan ha problem med å ta inn over seg alt det grusomme som skjer i verda. Kva skal ein gjere med dette? Skru av TV? Ikkje google på internett? Lukke augo att når det er noko som streifar oss som ikkje er ”pent” for oss å være vitne til?


”Gjør globalisering oss mer like, eller blir vi gjennom mediene mer bevisste på vår annerledeshet?” (Ibid: 14)spør Vettenranta vidare. Det er ikkje godt å svare på og er noko som globaliseringsforskarar ikkje blir samde om. For å svare for min eigen del får eg ofte ei kjensle av å være takksam for det eg har når eg ser kor grufullt andre menneske har det i sin kvardag. Det gir rom for ettertanke. Og som vidare kan føre til at unge blir meir medvitne om at vi faktisk har det svært bra her i dette landet, utan at ein skal ta bort omgrepet ”nestekjærlighet” og empati. Her blir det viktig, som Vettenranta skriv, og sette fokus på etisk-moralske ferdigheiter. Dette meiner eg at skulen kan bidra med på ein god måte. Samstundes som ein tek føre seg ”nett-vett” og kildekritikk bør ein også setje fokus på at mediene bidrar til vår eigen definisjon; identitet og kultur. ”Vi bør trekke sterkere fram viktige elementer av det gamle danningsidealet, som moral, etikk og ansvar(…) En dannet mediebruker i dagens samfunn kan motstå press fra omgivelsene ved integritet og bevissthet om seg selv.” (Ibid:20)

Dette oppsummerer på ein fin måte noko om mine eigne forventningar til DKL104-emnet; korleis kan ein som lærar bidra til at born og unge står betre rusta til å takle og gjere seg nytte av alle moglegheiter som ein står overfor, og hjelpe dei til å reflektere over kva dei er vitne til, gi dei stabilitet og det å lære empati og ansvar. I følge Vettenranta bør ein unngå å skape ”mediedyslektiske” unge menneske og være medviten om mediekulturens- og danningas samfunnsmessige og politiske koplingar. (Ibid:31)

1 kommentar:

  1. Det sitatet oppsummerer uten tvil grunnlaget for mye av arbeidet med medier i skolen.

    SvarSlett