I ei tid prega av antibac og intens håndvask med ymse såpeprodukter grunna frykt for svineinfluensa, vil vel dei aller fleste kunne greie å svare at ”datavirus” heller ikkje er til å smile av. Til og med for slike personar som meg, der kunnskapsnivået om datamaskinar byr på motstand med ein gong det blir snakk om noko særskilt meir enn å logge på internett og trykke ”facebook”, veit nok at datavirus er noko ein ikkje plent vil trakte etter… Dermed vil vel gjerne konklusjonen min være at når kunnskapen er så liten om data generelt, er det destod viktigare å halde seg oppdatert på kva som faktisk kan bidra til at ein får virus på datamaskina si. Og kva er eigentleg risiko oppførsel når det gjeld datavirus? Punkt nummer ein vil eg seie er for dårleg kunnskap og for liten skepsis på internett. Ok. Då må ein gjere noko med det. Eg las om systemvirus, makrovirus og faktisk- narrevirus, og eg må innrømme eg blei ein smule forbausa då det gjekk opp for meg at ein faktisk kan få virus på datamaskina si utan at ein har vore på internett!
Eit datavirus er eit program som kan kopiere seg sjølv og lagre kopiar av seg sjølv og dermed bli spreidd frå maskin til maskin via t.d. diskettar eller CD-ar. Det å klikke villig opp den eine ukjende linken etter den andre er vel heller ikkje særskilt lurt i lengda. Dette fekk eg smertefullt erfare då eg for eit år tilbake klikka på ein link på facebooksida mi. Denne linken viste seg å være virus og utan at eg kunne gjere noko med det viste det seg at eg sende denne linken vidare til alle venene på lista mi. Festlig. Den viktigaste erfaringen her må bli at ein ikkje må klikke på ein link som ein ikkje er 110 % sikker på kva er. Sjølv om den nok kan love gull og grøne skogar. Jaja.
Ein må sjølvsagt beskytte datamaskina med antivirusprogram, på same måte som det vil hjelpe med grundig håndvask og antibac med tanke på sjukdomar som svineinfluensa, men i bunn og grunn trur eg ein kan dra likehetsparallellar til data og menneske; nemleg å bruke sunn fornuft og ha ein viss skepsis til offentlege toalett og ukjende internettsider….
Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Herlig skrevet, Bente! Jeg likte sammenlikninga di - i alle fall til et visst punkt. For forhåpentligvis vil vi, når det gjelder datavirus, fortsette å være skeptiske og forsiktige. Jeg har nemlig på følelsen av at når det gjelder svineinfluensaen så er antibac osv. på vei inn i glemselens rike... Ute av syne, ute av sinn. Greit nok når det gjelder svineinfluensaen kanskje - for de fleste i alle fall. Men ikke når det kommer til datavirus.
SvarSlettKjekt å få kommentar :)
SvarSlett