Eg heiter Bente og er 24 år, gift og har ei fantastisk lita prinsesse på snart 1 år! Eg jobbar som lærar på ein liten barneskule, og saman med mannen min driv eg Gjil Aktivitetssenter, og med ein ny "sjef" i huset er dagane travle nok! :)Eg er svært glad i å trene, og er instruktør i spinning, aerobic, step og yoga! Grunnen til at eg har oppretta denne studiebloggen er at eg tek eit nettbasert studium i Digital kompetanse. Det blir spanande- og heilt sikkert utfordrande nok for meg som ikkje akkurat er ein "reser" med data... :)
Denne bloggen er fyrst og fremst ein studieblogg, men eg syns det er litt artig å gjere den litt meir personleg også. Kommenter gjerne innlegga mine, det er alltid kjekt!